Samfunnsoppdrag, mandat og visjon
Noregs forskingsråd skal tilføre forskingssystemet meirverdi gjennom å realisere forsking som aktørane i forskingssystemet kvar for seg ikkje kan få fram.Forskingsrådet er eit nasjonalt forskingsstrategisk og forskingsfinansierande organ. Det er den viktigaste forskingspolitiske rådgivaren for Regjeringa, departementa og andre sentrale institusjonar og miljø med tilknyting til forsking og utvikling (FoU).
Forskingsrådet skal fremje heilskaplege strategiske grep knytte til utbygging av nye forskingsfelt, utvikling av høgare kvalitet, og iverksetjing av nye satsingar for å møte samfunnsutfordringar. Forskingsrådet skal identifisere behov for forsking og foreslå prioriteringar. Gjennom målretta finansieringsordningar skal Rådet medverke til å setje i verk nasjonale forskingspolitiske vedtak. Forskingsrådet har også rolla som iverksetjar av dei forskingspolitiske målsetjingane til styresmaktene. Rådet sikrar at dei meir detaljerte prioriteringane er baserte på faglege vurderingar som kjem fram gjennom eit omfattande apparat av faglege rådgivarar og vedtaksorgan.
Rådet skal også medverke til utvikling av ein føremålstenleg struktur i forskingssystemet og utvikling av nytt samspel mellom forsking, næringsliv og samfunnsliv. Forskingsrådet skal sjå til at det blir satsa rett, og at det blir satsa tilstrekkjeleg på forsking. Forskingsrådet arbeider for eit økonomisk og kvalitetsmessig løft i norsk FoU og for å fremje innovasjon, i samspel mellom forskingsmiljøa, næringslivet og den offentlege forvaltninga. Andre viktige oppgåver er å vere møteplass mellom forskarar og brukarar av forsking og dei som finansierer forsking, og å medverke til internasjonalisering av norsk forsking.
Forskningsrådets visjon: I front for norsk forsking Forsking og utvikling utvidar grensene for kva vi veit, forstår og kan få til. Det gjer samfunnet kulturelt rikare og gir samtidig grunnlag for ei berekraftig utvikling, auka velferd og auka verdiskaping. Det kunnskapsbaserte samfunnet krev at forskinga er i fronten internasjonalt. Forskingsrådet vil styrkje den internasjonale posisjonen for norsk forsking gjennom å vere ein endringsagent i samarbeid med aktørane i forskingssystemet. Forskingsrådet skal fremje forsking av høg kvalitet og medverke til at forsking blir akseptert som ei kulturell og verdiskapande kraft i utviklinga av samfunnet.